Om oss

Tung Trafikk er ein trafikkskule som held til i Ørsta på Sunnmøre. Vi ligg godt plassert berre nokre steinkast frå Statens Vegvesen sin trafikkstasjon, flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen, og gode bussforbindelsar rett ved inngongsdøra vår. Vi tilbyr opplæring i tunge førarkortklasser i tillegg til yrkessjåførkurs (YSK). Vi leiger også ut kjøretøy og utstyr.

Vi tilbyr per i dag førarkort på kl C1, D1, C og CE. Opplæringstilbodet vil verte ytterligare utvida.

Hos oss får du effektiv og profesjonell opplæring av høg kvalitet til svært konkurransedyktige prisar. Vi kan skreddarsy opplæringa slik at den på best mogleg måte passar deg og din kvardag. Om det er behov for overnatting i forbindelse med opplæringa har vi gode avtalar med Ørsta Camping og Hotell Ivar Aasen i Ørsta, berre 5 minutt i bil eller buss frå skulen.

Vi driv også utleige av minibuss, lett lastebil og skaptilhengar etter nærare avtale. kontakt oss for eit godt tilbod!  


Tung Trafikk vart stifta november 2025. Christian Åm, som er vår undervisningsansvarlege og faglege leiar, har 20 års erfaring som trafikklærar på tunge klasser. Han har eit smittande humør, og evnar å formidle kunnskap på ein inspirerande og engasjerande måte. Det er Christian du oftast møter under opplæringa di hos oss.

Elin Aarseth Åm er trafikklærar på lette klasser, med 13 års erfaring. Ho har seinare år engasjert seg i tilpassing og tilrettelegging for elevane som skal utdanne seg til yrkessjåførar, og vil vere den du treff på epost og telefon hos oss. Ho vil gjere sitt ytterste for at vegen din mot førarkort og yrkessjåførkompetanse vert fylt av meistring og trivsel.

Vi har godt samarbeid med, og leiger inn ekspertise frå fleire lokale aktørar iløpet av utdanningsforløpet

Myklebust Brannsikring, Ørsta Røde kors, Helseløftklinikken, Vinjevoll Undervisningstenester med fleire.